Hentebibliotek i Øystre Slidre

Hentebibliotek i Øystre Slidre

 

Torsdag 16.april kl. 15.00-19.00 og fredag 17.april kl. 10.00 – 14.00 kan du etter avtale koma til oss for å få utlevert bøker, lydbøker og filmar ved døra til biblioteket 😊
Korleis skal vi få til dette?
For å hente bøker MÅ du ha gjort ei avtale med oss. Det enklaste er at du sender ein epost til bibliotek@oystre-slidre.kommune.no med kva du har lyst til å låne. Gå gjerne inn på oystre-slidre.bib.no og søk opp det du vil ha for å sjekke om det er inne. Eventuelt kan du sende oss ei melding på Facebook eller ringe oss på telefon 61 35 25 20. Vi gjer merksam på at vi ikkje får låne bøker frå andre bibliotek no. Alle bibliotek er stengt.
Vi låner ut det du vil ha og legg det i ein pose.
Inntil vidare kan du IKKJE levere inn att bøker du har heime.
Kven kan få dette tilbodet?
Alle kan få dette tilbodet. Om du kjenner nokon som treng dette ekstra mykje no, kan du gjerne tipse dei.
Kva med smitte?
Du kan IKKJE hente bøker hos oss hvis du er i karantene eller isolasjon.