Lån ein innbyggjar

Lån ein innbyggjar

 

Kunne du tenkje deg å prate litt med ein av våre nye innbyggjarar? På biblioteket, i opningstida, over ein kaffekopp og litt smågodt. I ca 30-60 min. Du kan gjera det ein gong eller fleire gonger, vi ringer deg ved behov og du kan seia nei eller ja som det passar. Målet er at våre nye innbyggjarar skal få moglegheit til å prate norsk og bli betre kjende med norske forhold. Vi kallar ordninga "Lån ein innbyggjar". Ta kontakt med oss på Øystre Slidre folkebibliotek viss du ynskjer å bidra. Vi treng både menn og kvinner!