Årsmelding for 2014

Årsmelding for 2014

I 2014 har Rogne og Lidar skulebibliotek vore betjent kvar tysdag og torsdag formiddag. Hovudbiblioteket er betjent måndag, tysdag, torsdag og fredag. Biblioteket har arbeidt med eit demokrati og ytringsfridomsprosjekt for ungdom. I samarbeid med ungdomsrådet og Valdres vidaregåande skule vart det fokusert på temaet krig. I etterkant av prosjektet vart det utlyst ein skrivekonkurranse. Prosjektet fekk kr. 50.000 i støtte frå Nasjonalbiblioteket og held fram i 2015. I 2014 vart det lansert ei ebok-utlånsløysing for lånarane i Øystre Slidre kalla eBokBib i samarbeid med Oppland fylkesbibliotek. Nye heimesider for biblioteket vart lansert i september. www.valdresbiblioteka.no. Biblioteket har elles arbeidt med å rydde opp i samlinga, skaffe meir plass til aktuell litteratur og stille ut litteraturen meir hensiktsmessig. I tillegg kjem dei ordinære bibliotekoppgåvene som skrankearbeid/ publikumskontakt, litteraturformidling, katalogisering, fjernlånsbestillingar, referansearbeid, innkjøp av ny og aktuell litteratur, utstillingar, regionalt og fylkeskommunalt samarbeid.

Statistikk
Statistikken for 2014 syner at besøket har gått opp 23.094 i 2013 til 25.001 i 2014. Det er hovudbiblioteket som har auke i besøk. Det totale utlånet har gått opp frå 21.828 i 2013 til 22.643 i 2014. Størst er auken i utlånet av faglitteratur til barn og unge, og filmar til vaksne. Andre media som ebøker, lydbøker, musikk og filmar vart utlånt 5.020 gonger. 518 bøker vart vidareformidla frå andre bibliotek, særleg til vaksenstudentar, og 260 bøker vart utlånt til andre bibliotek.

Arrangement og utstillingar i regi av Øystre Slidre folkebibliotek
• Forfattarbesøk av Vegard Markhus for dei yngste.
• Forfattarbesøk av Reidar Kjelsen på Rogne og Lidar skular og på Øystre Slidre folkebibliotek.
• Skriveverkstad ved Hilde Hagerup på Rogne og Lidar skule.
• Skriveverkstad ved Linn T. Sunne for 8.kl på ØSUS.
• Boklek på biblioteket for dei komande førsteklassingane i kommunen.
• Hadde eg venger. Arrangement med Karen Strand Beito og Blått gådn i samarbeid med Øystre Slidre historielag.
• Påskeverkstad for barn saman Øystre Slidre Husflidslag.
• Juleverkstad for barn i samarbeid med Øystre Slidre Bygdekvinnelag og Øystre Slidre husflidslag.
• Salte kyss, møte med filmkunstnaren Shwan Dler Qaradaki. For ØSUS.
• 25 temautstillingar i tillegg til kontinuerleg utstilling av nye og anbefalte bøker.
• 286 klassebesøk, ØSUS, Rogne og Lidar skule.
• 4 brukarorienteringar, ØSUS, Rogne og Lidar skule.

Lær data i biblioteket
• Biblioteket har hatt undervisning i databruk for eldre i 2014, med grupper på 2 og 3 av gongen. Dette er eit samarbeid med fylkesbiblioteket og eldrerådet i kommunen.

Valdresbiblioteka
• Jamnlege regionale biblioteksjefmøte. Arbeid med og lansering av felles heimesider for Valdresbiblioteka. www.valdresbiblioteka.no.