KRIG - veke 41

KRIG - veke 41

 

Frå 6. - 10. oktober er det fullt fokus på temaet krig på biblioteka på ØSUS og Valdres vidaregåande. Det blir filmvisning og møte med den irakisk-kurdiske kunstnaren Shwan Dler Qaradaki, utstillingar av bøker og filmar på biblioteka på ØSUS og Valdres vidaregåande, teater- og utstillingsbesøk frå Teater Innlandet på Fagernes Kulturhus og tekstkonkurranse med IPOD som premie.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Ungdomsrådet i Øystre Slidre og biblioteka ved ØSUS og Valdres vidaregåande. Støtta av Nasjonalbiblioteket.