Salte kyss

Salte kyss

 

Tysdag 7.oktober kom den irkakisk-kurdiske kunstnaren Shwan Dler Qaradaki til 9. og 10. klasse på ØSUS med filmen Salte kyss I. Qaradaki kom til Norge frå Suleimania i Kurdistan som flyktning i 1999, og filmen fortel personleg, nært og inderleg ei sterk historie om krigen og livet som flyktning. Qaradaki engasjerte elevane med filmen som var ein fantastisk kombinasjon av teikningar, måleri, dokumentarfoto og musikk. Etter visninga fekk elevane samtale med kunstnaren. Filmvisninga er ein del av demokratiprosjektet KRIG-veke 41 som er eit samarbeid mellom Øystre Slidre folkebibliotek, biblioteket på Valdres vidaregåande og Ungdomsrådet i Øystre Slidre. Prosjektet er støtta av nasjonalbiblioteket.