Aktivitet - Øystre Slidre Folkebibliotek

Lått og leven med Annlaug og Mari

 
Start: 12:00 Slutt: 13:00 Sted: Øystre Slidre folkebibliotek
Laurdag 23.oktober kl 12.00 kjem Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones på besøk til Øystre Slidre folkebibliotek. Dei har laga framsyninga "Tenk om eg var ein tanke", der me får vera med på ei magisk reise inn i lyrikken si verd. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk.
"Tenk om eg var ein tanke" er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar.
Dikta i «Når morgonfrosken syng» har ei form som gjer det lett og lage melodi til dei, og i framsyninga møter ungane dikta både som ord og songar.
Musikken i "Tenk om eg var ein tanke" er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon.
På leikent og finurleg vis gir framsyninga ungane kjennskap til lyrikk som sjanger og gir dei eit godt møte med nynorsk som bruksspråk