Aktivitet - Øystre Slidre Folkebibliotek

Lått og leven med Halldor og Julian

 
Start: 12:00 Slutt: 13:00 Sted: Øystre Slidre folkebibliotek

Laurdag 7.mars kl. 12.00 får Øystre Slidre folkebibliotek besøk av to gode vener. Halldor Grøndalen spelar torader og Julian Finnbråten Steinsrud dansar halling. Dei vil spela og danse for oss, og tek oss med i dansen etterkvart! Etterpå blir det fruktservering og høve til å låne bøker. Passar for ungar ca 3-8 år, og alle andre som vil ha ei triveleg stund på biblioteket. Gratis inngang, velkomen! Arrangementet er i samarbeid med Øystre Slidre spel- og dansarlag.