Aktivitet - Øystre Slidre Folkebibliotek

Leik med boka

 
Start: 10:00 Slutt: 11:00 Sted: Øystre Slidre folkebibliotek

Fredag 29.mars kl. 10.00 inviterar me alle skulestartarane i Øystre Slidre til "Leik med boka" på Øystre Slidre folkebibliotek.

Årets forfatter er Anna Folkestad. Ho er både forfattar og illustratør, skriv på nynorsk og er ei leiken og kreativ dame. http://www.annafolkestad.no Det er Marianne Sundal som kjem og formidlar bøkene til Folkestad. Ho er ein rutinert forteljar med lang og variert erfaring. Ho har turnert med Den kulturelle skolesekken i heile Norge sidan 2003. Dei siste åra har ho vore utøvar på fleire konsertar i Rikskonsertane, formidla bøker for Litteraturhuset i Oslo og vore utøvar og kurshaldar i prosjekt i lag med andre forteljarar og musikarar.
Arrangementet er i samarbeid med Oppland fylkesbibliotek.