BOKOMTALE

Morsmelk

 
Forfatter/utgiver: Nora Ikstena
Omtalt av: Ingrid Bergstrøm

Dette er ei historie om tre generasjonar kvinner som på ulikt vis prøver å takle det sovjetiske regimet. Vekselvis får vi høyre historia til to av kvinnene i romanen om kvarandre.

Mor er ein dyktig lege som spesialiserer seg på kvinneleg fertilitet, men synest livet i det kommunistiske systemet er kvelande undertrykkande. Ho er fødd i 1944, mot slutten av andre verdskrig, og kort tid før det okkuperte Latvia blir frigjort frå nazistane.

Det same året plyndrar sovjetiske soldatar som er den nye okkupasjonsmakta, hagen til foreldra hennar. Huset blir ransaka og dei tek med seg faren. Lenge trur dei at han er død.

Når ho er 25 år får ho ei dotter. Men med sterkt fokus på si medisinske karriere, blir dottera stort sett overlaten til seg sjølv. Ho veks opp i ei leilegheit i Riga under omsorg og støtte av si kjærlege bestemor og stebestefar.

Som tittelen antydar, står fram mjølk som eit tilbakevendande motiv gjennom heile romanen. Mora forsvinn i fleire dagar etter fødselen i frykt for å forgifte dottera ved å amme ho. Denne avvisninga fører til at dottera utviklar ein sterk aversjon mot mjølk.

I romanen blir morsmjølk på mange måtar ein metafor for ideologien som er gitt av okkupasjonsregimet, noko som det blir forventa at latviarar skal konsumere.

Ikstena har skrive ein svært tankevekkande roman om det å leve i eit okkupert land. Ho klarar på meisterleg vis å etablere dynamikken mellom mor og dotter, og det er nettopp det turbulente forholdet mellom mor og dotter som dannar grunnlaget for handlinga.

Les flere bokomtaler