Boktips

Full spredning

en legeroman
full_spredning.jpg
ForfattarNina Lykke
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Forfattar Nina Lykke fekk i 2019 den gjeve Brageprisen for romanen Full spredning i kategorien skjønnlitteratur. Full spredning- en legeroman er Nina Lykke si fjerde bok. Sjølv med undertittelen en legeroman er dette langt frå ein vanleg «legeroman», med romantiske møter over operasjonsbordet.

I starten av boka møter vi hovudpersonen, Elin, som nærmast har flytta inn på legekontoret sitt. Vi får innblikk i Elin sine møter med pasientane som dagen lang straumar inn med alle sine skavankar og lidingar. Humoren sit raust i legeromanen, og Elin brukar både stetoskop og terapeutblikk til å stille diagnose på desse moderne menneska si elendige forfatning. Til å hjelpe seg brukar Elin eit plastskjelett i full storleik med ein svart herrehatt og som er døypt Tore. Minst like lenge har Elin vore gift med legen Aksel, ein sportsidiot som helst brukar fritida si på å gå på ski eller jogge. Men Elin sjølv likar helst å bruke fritida si i sofaen, der ho slukar TV-seriar og vin i store kvanta, heilt til ekskjærasten frå ungdommen, Bjørn, dukkar opp på Facebook.

Romanen er ein skarp og godmodig kommentar til eit samfunn der velstand og overflod har gjort oss kravstore og dvaske. Kvar ein av oss forlangar eit liv utan motstand, eit liv som evig ung, frisk og lykkeleg. Nina Lykke viser med dette ein humor som både er morosam og mørk, ein samfunnssatire, som Lykke meistra så godt. Lykke balanserar hårfint mellom stereotyp overdriving og flau gjenkjenning. Karakterane i boka er skildra skarpt og presist med eitt ironisk blikk.

Fleire boktips