Boktips

Full bajas

Full+Bajas
ForfattarIngunn Thon
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Perfekt uperfekt

I denne boka møter vi Orion Sigerstad, 11 år. Han elskar ros og skryt, og er ein aktiv gut som gjer sitt aller ypparste for å vera perfekt. Noko som har ført til at han har rommet fullt av premiar frå deltaking i til dømes NM i ball i rytmisk sportsgymnastikk, NM i sjakk, Fysikkolympiaden og junior-EM i korps. Han opptrer gjerne på eige initiativ med tverrfløyte på sjukeheimen, og går i eggeskalkvite bukser som han passar seg vel for ikkje å skitne til. Han let endå til vera å påpeike feil og manglar ved foreldra for å unngå dårleg stemning. Med tverrfløyta har han som mål å vera den yngste nokonsinne som kjem inn på Makelaus musikkonservatorium.

Kvardagen til Orion er stort sett perfekt, kanskje med unntak av kvar gong han kjem i klammeri med pøbeljenta Marie, hans rake motsetning. Då er den gode stemninga ofte truga, men Orion prøver som alltid å tenkje positivt.

Det beste Orion veit er foreldre- og elevsamtaler. Her sankar han alltid inn store stjerner i boka. Men ein dag dukkar det opp ein ny lærar i klasserommet som ikkje er heilt som dei tidlegare. Ho utfordrar Orion på kva han eigentleg vil, og i foreldresamtala foreslår ho at han ikkje treng å vera fullt så perfekt – eller at han kan vera perfekt uperfekt som ho uheldigvis formulerer det. Og då får Orion etterkvart god nytte av Marie, og handlinga i boka utviklar seg på ellevilt vis.

Boka har godt språk og er illustrert med humoristiske strekteikningar av Maja Kjellstad Aanonsen. Ho høver for barn omlag 8-12 år, og kan også brukast til høgtlesing.

Forfattar Ingunn Thon er også dokkespelar og programleiar frå blant anna NRK super, og kjem frå Ål i Hallingdal. Ho har tidlegare gjeve ut barneboka Ollis.

Fleire boktips