Boktips

Den usynlige datteren

Denusynligedatteren
ForfattarLiz Webb
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriKrim og spenning

Den britiske forfattaren Liz Webb debuterte med denne spenningsromanen i 2022, og for ein debut.

I «Den usynlege dottera» møter vi Hannah Davidson, ei 37 år gammal dame, som har flytta tilbake til barndomsheimen sin i London for å ta seg av sin kreft- og demenssjuke far, Philip.

Etter ei fallulykke i heimen blir faren innlagt på sjukehus. Så Hannah delar tida si mellom dei utfordrande sjukehusbesøka og opphaldet i barndomsheimen omgjeve av alle minna der. Mor til Hannah døydde då ho berre var 14 år. Dødsfallet blei etterforska som drap, der ektemannen vart mistenkt for ugjerninga. Dette sette kraftige spor i familien. Broren Reece og Hannah har ikkje hatt kontakt sidan dødsfallet.

Reece, ein suksessfull skodespelar og tv- stjerne, er overtydd om at det er faren som står bak drapet, medan Hannah meiner han er uskuldig. Men kva om ho tek feil?

Etter å ha gått ned i vekt og latt håret vekse, innser Hannah at ho er skremmande lik si glamorøse mor. Hannah er på nøyaktig same alder som mor hennar var då ho blei myrda for tjuetre år sidan. Det er rart nok for Hannah å bli samanlikna med mor si, men når hennar demensramma far, som ofte lever i fortida, begynner å forveksle dei og snakkar til henne som om ho er den avdøde kona, blir ho verkeleg nervøs. Likevel er ho fast bestemt på å utnytte sin slåande likskap for å avdekkje nøyaktig det som skjedde med mor si. For kva om den einaste måten å finne ut av kva som skjedde med mor di, er å bli henne.

«Eg lener meg nærmare og kviskrar det spørsmålet eg aldri har latt meg stille på tjuetre år. Pappa, drepne du mamma?».

Dette er ein velskrive og godt komponert psykologisk spenningsroman, som skil seg ut frå mengda. Det er ei historie om splitta søskenforhold, om korleis barn kan ha identisk oppseding, men likevel ha så kontrastfylte minner. Eit mørkt familiemysterium med ein minneverdig forteljar som vil appellere til fans av «Elizabeth is Missing» og «The Girl on the Train».

Fleire boktips