Boktips

Dei sju dørene

solvorlesetips.jpg
ForfattarAgnes Ravatn
Omtalt avSolvor Øyen Bergene, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Nina Wisløff er litteraturprofessor og gift med Mads som er helsebyråd og lege. Nina er i ei brytingstid. 

No strevar ho med å finne meining i arbeidet, og i tillegg må barndomsheimen hennar i Bergen i over 35 år rivast. Ekteparet må ut i ufrivillig bustadjakt. Dottera Ingeborg, også lege, ventar nummer to og treng større buplass. Ho har dessutan fått skjeggkre i heimen sin, og må handle raskt før bustaden blir ei skadedyrfestning.

Til alt hell har Mads eit arvehus etter tanta si som passar perfekt for Ingeborg. Dessverre er det utleigd, til åleinemora Mari Nilsen og sonen. Men Ingeborg, som er ei ganske bestemt og nærmast overkøyrande dame, ordnar seg ei uanmeldt visning. Brått har leigebuaren sagt opp! Men eit par dagar etter oppseiinga, blir ho meldt sakna av foreldra sine, og politiet står utan særlege spor.

Nina har berre nokre dagar i førevegen uttalt seg nokså kontroversielt i ein debatt ho noko motvillig har deltatt i. Ho påstår at litteraturvitarar bør bli politietterforskarar: «Ein kan ikkje overlate noko så viktig som politiarbeid til politiet!».

I tillegg til å forstå seg på språk og mennesket bak teksten, kan litteraturvitarane lese det som står mellom linjene. Dermed viklar Nina seg inn ei sjølvvalt detektivrolle. Og politiet får høyre hennar akademiske teoriar der fortolkingar av eventyret om Ridder Blåskjegg si borg blir presentert som moglege motiv bak forsvinninga.

I Dei sju dørene let Ravatn filosofi, litteratur og psykoanalyse møtast i ei forteljing om mellommenneskelege relasjonar og det komplekse i oss. Kven er vi når alt kjem til alt?

Fleire boktips