Nord-Aurdal Folkebibliotek

Bok i Valdres

Bok i Valdres blir arrangert ein ettermiddag i november i Fagernes kulturhus, og er ein festkveld som set litteraturen, og særleg den lokale litteraturen, i sentrum. I løpet av kvelden kan du bli kjend med årets lokale utgjevingar, stifte kjennskap med nye forfatterskap, høyre kjenste forfattarar fortele og lese frå dei nyaste bøkene sine, og kjøpe bøker i standen til bokhandelen. Bok i Valdres er eit samarbeid mellom biblioteket, Norli Fagernes, Valdresmusea og Nord-Aurdal Mållag.

Bokivaldreslogo

Bok i Valdres blir arrangert for 10. gong hausten 2020 i kulturhuset på Fagernes. 

Program 2020, torsdag 5. november kl. 18:

17.30    Dørene opnar for boksal

18.00    Hans Olav Lahlum om boka Trump, Biden og slaget om USA

18.45    Pause

19.00   Toril Brekke om Klangen av frihet, siste bok i trilogien om Agathe

19.30    Leslie Ayres les frå Mellom tankene, med musikk frå Sigrun Bjørgo

19.50    Pause med kaffi/te og boksal

20.15    Anne Mette Strand om Stridsmann frå Strønd. Om menn og politikk i Valdres 1905–1940

20.30   Sara Vatne om Morgonrauden – størst av alt er kjærleiken

20.45   Stein Erik Ulvund om Vingeskutt

Inngangspengar: kr. 150, inkludert kaffi og kake.

Av omsyn til smittevern ynskjer vi at du kjøper billett på førehand på www.fagerneskulturhus.no. Det blir og mogleg å kjøpe billett i døra.

Boksal ved Norli Fagernes og Kvitvella Forlag.

Arr.: Nord-Aurdal Mållag, Nord-Aurdal folkebibliotek og Norli Fagernes.

Boki Valdres