Klassikarar for framtida. 25 nye norske 📚

Klassikarar for framtida. 25 nye norske 📚

 

Nord-Aurdal, Etnedal og Øystre Slidre folkebibliotek deltek i eit prosjekt initiert av Lom folkebibliotek der målet er å skape interesse og engasjement rundt ny norsk kvalitetslitteratur!

Det er litteraturkritikarane Bernhard Ellefsen, Bjørn Ivar Fyksen, Merete Røsvik og Janneken Øverland som står for kåringa i eit prosjekt i regi av Lom folkebibliotek. 

Vi oppfordrar lånarane våre til å lese desse bøkene og registrere i eit leseskjema bøkene dei har lest i løpet av året. På slutten av året vankar det ein fin premie til ein av dei som har kome gjennom lista.

Kvar veke eller kvar 14. dag vil vi legge ut informasjon om ei ny bok i prosjektet.

Her kjem lista over dei nye klassikarane:
De usynlige av Roy Jacobsen, Cappelen Damm, 2013
Teori om det eneste. Bok I og Bok II av Nils Christian Moe-Repstad, Flamme, 2013
Å, høye dag av Steinar Opstad, Kolon, 2013
Orgelsjøen av Øyvind Rimbereid, Gyldendal, 2013
Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896 av Dag Solstad, Oktober, 2013
Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux av Hanne Ørstavik, Oktober, 2013
Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen, Oktober, 2014
Magdalenafjorden av Kjartan Fløgstad, Gyldendal, 2014
Trilogien (Andvake, Olavs draumar, Kveldsvævd) av Jon Fosse, Samlaget, 2014
Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem, Oktober, 2014
Vinternoveller av Ingvild H. Rishøi, Gyldendal, 2014
Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller, Aschehoug, 2014
Å resirkulere lengselen, avrenning foregår av Inger Elisabeth Hansen, Aschehoug, 2015
Max, Mischa & Tetoffensiven av Johan Harstad, Gyldendal, 2015
Fra vinterarkivene av Merethe Lindstrøm, Oktober, 2015
Over elva av Laila Stien, Tiden, 2105
De urolige av Linn Ullmann, Oktober, 2015
For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen, Gyldendal, 2016
Havende av Gunstein Bakke, Oktober, 2106
Arv og miljø av Vigdis Hjorth, Cappelen Damm, 2016
Om våren av Karl Ove Knausgård,Oktober, 2016
Berge av Jan Kjærstad, Aschehoug, 2017
Vandreutstillinger av Cecilie Løveid, Kolon, 2017
Tung tids tale av Olaug Nilssen,  Samlaget, 2017
Penelope er syk av Ole Robert Sunde, Gyldendal, 2017

Les meir om prosjektet og finn informasjon om bøkene her: www.lomfolkebibliotek.no/