Debatt om stamvegen

Debatt om stamvegen

 

Torsdag 16. april kl. 19.30 braker det løs på Nord-Aurdal folkebibliotek

 Vi spør: Treng vi eigentleg stamvegen?  

 I 1975 vart riksvegen gjennom Valdres – i dag kjent som E16 – klassifisert som stamveg og hovudferdsle mellom Austlandet og Vestlandet. Sidan då er det løyvd milliardar av kroner til utbygging og utbetring, og det har til tider vore heftig diskusjon og kniving mellom landsdelane om kor stamvegen eigentleg bør ligge.

 I januar i år leverte Statens vegvesen ei utgreiing om sambanda mellom aust og vest. I utgreiinga er E16 vald bort som prioritert hovudveg. Vi spør: Gjer det noko om E16 ikkje lenger er stamveg? Klarar vi oss fint utan? 

 I panelet sit stortingspolitikar Liv Signe Navarsete, ordførar i Hemsedal Oddvar Grøthe, ordførar i Sør-Aurdal Kåre Helland og ordførar i Ål Ivar Brevik.

Ordstyrar er redaktør i avisa Valdres Torbjørn Moen.

Valdres-debattane er eit tiltak som skal styrke den offentlege debatten i Valdres. Under debatten blir det servert heite spørsmål som er aktuelle for befolkninga i regionen. Garva lokale og nasjonale samfunnsaktørar tar del i eit breitt samansett debattpanel.