Om Johan Falkberget

Om Johan Falkberget

 

Olav BjærumTorsdag 19. mars kl. 12.00 holder Olav Bjærum foredrag om Johan Falkberget og ”Nattens brød”. Olav Bjærum budde i Valdres i 43 år (1968–2011). Først var han tilsett ved Valdres folkehøgskule i ein 10-årsperiode, deretter i over 20 år i vidaregåande på Fagernes. No bur han i Kvelde, eit par mil nord for Larvik by. Han har halde fleire foredrag om litterære emne for litteraturgruppa som er knytt til pensjonistuniversitetet i Larvik. Også i andre samanhengar har han delteke med kåseri og foredrag. Mest har han konsentrert seg om dei store klassikarane på 1900-talet med felles debutår i 1907: Sigrid Undset, Johan Falkberget og Olav Duun. Han meiner dei står for ein slitesterk litteratur som ein kan lese med like stort utbyte i dag. I dette halvåret tek han for seg Undset og Falkberget, til hausten står Duun for tur.

Foto: Sverre A. Børretzen/Aktuell/Scanpix