Aktivitet - Nord-Aurdal Folkebibliotek

Hentebibliotek

 
Start: 11:00 Slutt: 15:00 Sted: Etnedal og Vestre Slidre folkebibliotek

Biblioteka i Valdres held fram med utlevering av bøker vidare framover.

Korleis får vi til dette?
For å hente bøker MÅ du ha gjort ei avtale med ditt bibliottek. Det enklaste er at du sender ein e-post til biblioteket med kva du har lyst til å låne. Gå gjerne inn på siden til biblioteket du ynskjer å låne frå, og søk opp det du vil ha for å sjekke om det er inne. Eventuelt kan du sende ei melding på facebook eller ringe. Vi gjer merksam på at vi ikkje får låne bøker frå andre bibliotek no. Alle bibliotek er stengt.

Sjå nærare informasjon om når du kan hente bokpakker på sidene til kvart enkelt bibliotek.

Kven kan få dette tilbodet?
Alle kan få dette tilbodet. Om du kjenner nokon som treng dette ekstra mykje no, kan du gjerne tipse dei.

Kva med smitte?
Du kan IKKJE hente bøker hos oss hvis du er i karantene eller isolasjon.