Aktivitet - Nord-Aurdal Folkebibliotek

Bok i Valdres

 
Start: 18:00 Slutt: 21:00 Sted: Fagernes kulturhus & kino
Toril Brekke og Hans Olav Lahlum kjem til Bok i Valdres 2020😀📚

Torsdag 5. november er du velkomen til 10-års jubileum for Bok i Valdres i Fagernes kulturhus.
Toril Brekke kjem for å fortelja om Klangen av frihet, siste bok i trilogien om Agathe som vaks opp i Oslo på 1960-talet. Hans Olav Lahlum kjem for å fortelja frå boka han har skrive om eit høgst aktuelt tema: det amerikanske presidentvalet. Tittelen på boka er Trump, Biden og slaget om USA.
I tillegg les Leslie Ayres frå diktsamlinga Mellom tankane, akkompagnert av Sigrun Bjørgo på flygel. Anne Mette Strand fortel om boka Stridsmann frå Strønd, Sara Vatne om boka Morgonrauden - størst av alt er kjærleiken og Stein Erik Ulvund om boka Vingeskutt.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Nord-Aurdal mållag, Nord-Aurdal folkebibliotek og Norli Fagernes.
Billettar kan kjøpast på www.fagerneskulturhus.no eller i døra når du kjem. Pris kr. 150, inkludert kaffi og kake.