Aktivitet - Nord-Aurdal Folkebibliotek

Rikets stillstand

 
Start: 11:30 Slutt: 12:15 Sted: Nord-Aurdal folkebibliotek

Tor Arne Johnsen tek på seg legefrakken og blir 4. amanuensis dr. Gunnar Pensum ved Hypotetisk institutt, Bergen.

I førestillinga Rikets stillstand (om digital demens, analog korpulens og andre moderne lidelser) ser han med skråblikk på livet i det digitale Noreg.

Tor Arne Johnsen har ei fortid som mellom anna lærar, låtskrivar, dramatikar og musikar. Han har også vore med i radioprogram som Hallo i uken, Norgesglasset, Nitimen og Brekeland Bensin&Camping.

Dr. Pensum er også kjent for antirøykeshow (Lær å røyke), antimobbetime (Lær å mobbe), samt det "dannede foredraget" Organisasjon og lidelse, som tilsette i skule, sjukehus og private bedrifter har ledd seg skakke av.

Arrangementet er beregna på eit vakse publikum, men alle med moblitelefon og pc vil sannsynlegvis ha glede av førestillinga!

Arrangementet er gratis og litt kortere for at alle skal rekke å få det med seg i løpet av lunsjen! Ta med deg matpakka og kom - vi serverer te og kaffe :-)