Lesegleder - nye bøker du kanskje ikkje har høyrt om

Lesegleder - nye bøker du kanskje ikkje har høyrt om

 

Lesegleder - litteraturformidlingsturné til folkebibliotek i Oppland
Du kan få tips til gode leseopplevingar på Etnedal folkebibliotek onsdag 19. april kl 1900!
Dei erfarne og dyktige litteraturformidlarane Merete Byrøygard frå Lom folkebibliotek og Linn T. Sunne frå Oppland fylkesbibliotek vil i vår presentere nye, spennande og kanskje mindre kjende bøker for vaksne på fleire folkebibliotek i fylket. Målet med turneen er å gje innbyggjarane auka leselyst og ny innsikt i mangfaldet av litteratur som biblioteket tilbyr. Turneen starta hausten 2016 og held fram denne våren med arrangement i sju kommunar i fylket.
Tone Nyseter, leiar av Oppland fylkesbibliotek, seier at "aktiv litteraturformidling er en viktig del av bibliotekenes virksomhet. Bibliotekene har et spesielt ansvar for å synliggjøre bøkene som ikke er bestselgerne, trekke frem de skjulte litterære perlene som fortjener et større publikum. Litteraturformidlingsturneen Lesegleder er nettopp et slikt tilbud."
Turneen er arrangert av Oppland fylkesbibliotek i samarbeid med folkebiblioteka i Oppland.
Alle er velkomne på arrangementa i biblioteka og det er gratis inngang.